SVEIN OLAV BLINDHEIM
MUSIKER, KOMPONIST OG FORFATTER

St.Sunniva

Prosjektbeskrivelse "Ingen veg tilbake"

For godt og vel 1000 år sidan steig det i land ein sliten og svolten flokk på øya Selja sør for Stadt. I vekevis hadde dei drive over opent hav, bort frå voldsmenn og uro heime i Irland, og fremst i flokken var kongsdattera Sunniva. Deira landgang vart årsak til ein hundreårig helgenkultus med kloster og eige bispedøme på Selja. (Biskopen bor i dag i Sarajevo, og det bor 7 personer i bispedømet :-)) St.Sunniva vart på mange måtar mor til den norske kyrkja.

Vi kjenner myten, men veit lite om personane bak. Derfor har eg latt meg friste til å dikte litt liv i den vakre trefiguren vi kan finne i Bergen Museum. Det må ha kosta mykje å forlate heimen og familia si for å flykte ut på storhavet, og ein treng ikkje å gå særleg langt for å høyre liknande historier i dag. Med våre termer så var Sunniva flyktning, ja til og med båtflyktning. Korleis vart ho motteken, og korleis tar vi mot flyktningar i dag 1000 år seinare?

"Ingen veg tilbake" skal bli eit korbasert musikkspel beståande av 12-13 enkeltlåter, ledsaga av orkester og med 3-4 hovudroller.

Mellom publikum finn vi den litt irriterande innvandrerkvinna som må irettesettast for å snakke i telefon under konserten. Ho viser seg seinere å vere ein kirkeassylant frå Iran som sjølv har ei historie å fortelje som liknar på Sunniva si, med tvangsgifting og religiøs ufridom. Vi møter munken Alban som blir matra av kjenslene sine for Sunniva, og er fanga mellom munkeløftet og løftet til kongen om å ta vare på dattera hass. I spelet opererer vi med andre ord i to tidsperspektiv samtidig, og den som held styr på det heile er vismannen, druiden som også var historieforteljar og sermonimester i det keltiske samfunnet på Irland.

Foto: Nina Aldin Thune

Og desse platene kan du bestille frå meg

sveblind(alfakrøll)me.com :

"Junikveld" med tekster av Hans Børli, på Grappa R.

"Litt a`kvart" på eige selskap kalla "Solrosa"

"Horrace Hello"- Tribute til jazzpianisten Horrace Silver med broder Oddbjørn Blindheim Trio ( Håkon Mjåset Johansen på trommer og underteikna på bass).

Og så Cd-en "Sol og Regn" frå -93 med Arild Nyquist, med bl.a. Knut Reiersrud, Børge P. Øverleir, Alfred Janson.

I tillegg har eg LP-en Slemme Lars for den som måtte ynskje det.