header image 2  
MUSIKER, KOMPONIST OG FORFATTER

 
 

CD: "Litt a`kvart"

Denne har det tatt sin tid både å skrive og spele inn , men lengst har det tatt å overvinne skrekken for at det ikkje skal halde mål.  Samtidig er eg sjeleglad for at eg har venta såpass lenge. Gamle opptak kan vere ein pest og ei plage, men trøsta får vere at det kanskje har vore litt utvikling sidan den gong!?   
Innspelingane er alle gjort i bua i hagen "ved Storelvens bredd".  Ja, bortsett frå gitaren på "Gul Hengekøye" som Carl Erik Hedløv sende meg over nettet og trompeten til Terje Johansen på "Kjærligheten sover".  
  Både bokmål, nynorsk/dialekt, via engelsk til hopi-indiansk på ei og same plate er kanskje ikkje heilt vanlig,  men det er tross alt innhaldet i tekstane som er viktig. 
 Eit par av låtane gir kanskje litt irske assosiasjonar. Grunnen er at eg har jobba ei tid med eit musikkprosjekt om St. Sunniva, som etter sigande skulle ha kome frå Irland. 
Ein langvarig fasinasjon for Brasil lar seg vel heller ikkje skjule.

C. Borlaug sin versjon av  Myllarguten sin "Fossegrimen", skreiv eg arr. på til by- , og bankjubileum i Hønefoss.  Denne blei framført av spelemannen sjølv ståande på ein knaus midt i fossen.  (Berga seg så vidt i land når fossen vart sleppt)
Ein stadig aukande fasinasjon for Hans Børli sine tekstar treng heller ikkje å skjulast. Dei to låtane er ein forsmak på ei rein Børliplate som kjem neste år på Grappa med støtte og hjelp frå Børliselskapet.

Som du skjønar har dette blitt litt av kvart, derav navnet. Eg takkar for tilliten og håper du ikkje blir skuffa.

Tittel:                       Musikk/Tekst:

Gul Hengekøye          SOB/SOB
Junikveld                  SOB/H. Børli
Sensommervise         SOB/Maren Olerud
Nå danser Ongbjørka SOB/ Elling Solheim
Endelig                     SOB/SOB

Fela                          SOB/Elling Solheim
Sunniva                     SOB/SOB
Vest ved Hybridene     SOB
Kjærligheten sover      SOB/Arild Nyquist
Fossegrimen, Trad. tolka av C.B. arr.SOB

A Beachy Afternoon    SOB/Bjørn Lindquist
Gammal Indianersang Arr: SOB
Flogvit                    SOB/ Astrid E.Rygh
Gudstjeneste              SOB/H. Børli

TAKK TIL:
Takk til Hønefoss Sparebank, Ring Forsikring og  Nils Håvard Tronrud for for moralsk og økonomisk støtte til CD-en.
Takk til medmusikantane på plata. Takk for lån av tekster.

Kan bestillast frå meg for kr 150,- inkl. frakt. eller på iTunes.

 

 

 Ny bok: Tannregulering med tørkesnor - foto: Frode Johansen, Ringerikes bladBOK: "Tannregulering med Tørkesnor"

Foto: Frode Johansen, Ringerikes Blad

For nokre somrar sidan hadde Ringerikes Blad ein serie med lokale "kjendisar" sine barndomsminner. Om eg kunne reknast blandt dei var ein ting, ein heilt anna ting var om eg i det heile huska nokke om eg skulle bli spurt. Derfor satte eg meg ned så nær kjelda som mulig, i Grava-garden ute på Vigra, for å sjå om det skulle dukke opp ettkvart. Når spørsmålet så faktisk kom, sat eg der overraskande nok med dusinet fullt.
Det vart mykje rampestrekar og fantestykker, og det verste var at dei var sanne. Og minna om meg sjølv som "englebarn" har fått seg ein alvorleg knekk.
Men ikkje verre enn at når ein kulturinteressert kamerat tilbaud seg å sponse ein bokutgivelse fordi han syntest at fleire burde få lese dette, så vart det slik.

Boka har fått navn etter ei av historiene; "Tannregulering med Tørkesnor", ein sannferdig historie som skjedde utanfor samvirkelaget i Blindheimsvikane. Der og då var det nok ikkje så løye som det kan fortone seg i ettertid.
Den eine sonen min Halvor har illustrert medan den andre, Karl Magnus har hjelpt med lay out og grafisk utforming. Karl Magnus ferdig utdanna A.D. og Halvor i stargropa. Mora, Marte er prøveklut og oppmuntrar, så det heile har blitt eit ekte familieprodukt.
Men det er også eit blandingsprodukt. For å få rydda litt i både skuffe og skalle var det fristande å ta med litt nyare historier i same slengen, litt på verseform og litt prosa.

Håper det er like morsomt å lese som det var å skrive.

Boka kan bestillast frå meg : sveblind(alfakrøll) online.no eller: sveblind(alfakrøll)me.com

 

Pris kr. 200,- inkl frakt.

 

 

Cd-en "Junikveld"

Denne blei sleppt under "Junikveld"- arrangementet på Børlitunet 7. juni i år.

At "skogens dikter", Hans Børli skulle trigge meg slik det hadde eg ikkje trudd, fødd og oppvaksen som eg er i fjøresteinane på Sunnmøre. Det begynte med at eg leita etter passende tekster til den kulturelle bistandsgruppa "Gutta på Skauen" (http://www.gps-kultur.no/). Dermed var eg fanga og tanken om ei eiga "Børli"-plate tok snart form. At det gjekk lett skal eg ikkje seie, for det gjer det aldri, men der var ein nerve og kvalitet i tekstane som inspirerte, og etterkvart sto dei nærast i kø og forlangte musikk.
Med kombinasjonen av trangt budsjett og ein intuitiv måte å jobbe på, så vart det å bruke det av instrument ein hadde for hand, fløyter , percusjon, citter, kontrabass, handtromme og så videre - alt etter kva tekst og arrangement krevde.
Eg håper plata kan glede gamle Børli-fans, og kanskje rekrutere nokre nye. Stor takk til forfattaren for gripande ord, tid og ro og ikkje minst for audmjuk haldning til livet. Vi treng slikt "grunnfjell" no meir enn nokon gong.

sob

 

Hans Børlis  lyrikk har over tid fristet mange komponister, med ulike resultat og gjennom ulike temperament.
Svein Olav Blindheim plukker her ut tekster med rim og rytme og gir dem et melodisk innhold som samsvarer utmerket med Børlis musikksmak, jazz og blues. Tidløs musikk til tidløs tekst.
”Å flytt deg nærmere inntil meg, her på kjøkkentrammen. Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen.”
Lytt til teksten – nyt musikken!
 
Sverre Eier, leder av Hans Børli-selskapet