SVEIN OLAV BLINDHEIM
MUSIKER, KOMPONIST OG FORFATTER

Musikk:

Musikk: Eksempel på eigen musikk og sang:

Eit anna morsomt stunt i fjor var verdens første ekte veteranbilhornorkester

Eg har samla på veteranbilhorn, altså lyden, og det førte til stor live-konsert på Norsk Samferdselshistorisk Senter den dagen Sommertoget 2017 kom til Hønefoss. På utvalgde bilar/horn spelte "Hønefossbærtene" frå HUK "Tut tut sier onkels bil", "Den beste bilen i væla" og sjølvsagt "Blåveispiken".

Før jul kom denne videoen frå Kork: Hønefossbærter

Bassen er fortsatt hovudinstrumentet, men eg må passe meg for intensiv øving. Det nye er eit kromatisk munnspel, og eg har blitt heilt hekta. Det står ei lita historie om det i den nye boka mi. Sjå under. Ellers har "Gutta på Skauen" blitt meir og meir viktig, og meir og meir aktiv..

Ein ny og morsom konstellasjon i meir øyrevennleg jazzretning er "Kule Karer" med Ingvild Hasund, Håvard Jacobsen, Remi Fagereng og underteikna.

Og så er Oddbjørn Blindheim Trio i gang igjen , no som "Trio Tonk".

Eksempel på eigen musikk og sang:

Egne komposisjoner

  • Endeleg.mp3
  • GulHengek.mp3
  • Junikveld.mp3 (Børli)
  • Gudstjeneste.mp3 (Børli)
  • Fossegrimen (m.C.Borlaug)

Jazz:

Munnspel: Donna Lee på eget komp, Take the A-train

Du kan høyre kutt frå plata "Horace Hello" her: Horacemedley.mp3

Er du interessert i å kjøpe den, så har eg eit restopplag. Send meg ein mail så ordner vi det. Pris kr. 150,-.

CD: "Junikveld"

Plata er oppattkalla etter Hans Børli sitt dikt med same navn. Dette pluss 9 andre dikt har eg satt tone til og spelt inn i heimestudioet mitt. Plata kom på Grappa 7. juni i samband med at eg skal åpne det årlige arrangementet "Junikveld " på Børli-tunet.

At "skogens dikter", Hans Børli skulle trigge meg slik det hadde eg ikkje trudd, fødd og oppvaksen som eg er i fjøresteinane på Sunnmøre. Det begynte med at eg leita etter passende tekster til den kulturelle bistandsgruppa "Gutta på Skauen" (http://www.gps-kultur.no/). Dermed var eg fanga og tanken om ei eiga "Børli"-plate tok snart form. At det gjekk lett skal eg ikkje seie, for det gjer det aldri, men der var ein nerve og kvalitet i tekstane som inspirerte, og etterkvart sto dei nærast i kø og forlangte musikk. Med kombinasjonen av trangt budsjett og ein intuitiv måte å jobbe på, så vart det å bruke det av instrument ein hadde for hand, fløyter , percusjon, citter, kontrabass, handtromme og så videre - alt etter kva tekst og arrangement krevde. Eg håper plata kan glede gamle Børli-fans, og kanskje rekrutere nokre nye. Og på gode dagar kan eg kanskje driste meg til å tru at musikken og kan glede nokon.

Her er coveromtalen som Sverre Eier, leiaren i Børli-Selskapet skreiv:

Hans Børlis lyrikk har over tid fristet mange komponister, med ulike resultat og gjennom ulike temperament. Svein Olav Blindheim plukker her ut tekster med rim og rytme og gir dem et melodisk innhold som samsvarer utmerket med Børlis musikksmak, jazz og blues. Tidløs musikk til tidløs tekst. ”Å flytt deg nærmere inntil meg, her på kjøkkentrammen. Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen.” Lytt til teksten – nyt musikken!

-Sverre Eier, leder av Hans Børli-selskapet

Og graset det var vått
  1. Vinternatt
  2. Gudstjeneste
  3. Barnet
  4. Moderne Madonna
  5. Eventyr
  6. Vestenvinden
  7. Vandresken
  8. Hver liten ting
  9. Junikveld

Ingvild Hasund: sang/ kor på 1, 6 , 9 og 10
Fredrik Øie Jensen sax på 4 og 10,
Jon Rosslund: Trommer på 4 og 6
Alle instrument og vokal ellers ved Svein Olav Blindheim.
Alle tekster: Hans Børli
Komposisjon: SOB
Spelt inn i bua til SOB i -08 og -09.

Stor takk til Tormod Aune for mixehjelp.
Takk også til Ringerike Sparebank for sponsing av plata, og til Nopa for støtte til låtskriving.
FFUK har og støtta utgivelsen.
Coverdesign Karl Magnus Blindheim
Tegning Halvor Blindheim

CD: "Litt a`kvart"

Denne har det tatt sin tid både å skrive og spele inn , men lengst har det tatt å overvinne skrekken for at det ikkje skal halde mål. Samtidig er eg sjeleglad for at eg har venta såpass lenge. Gamle opptak kan vere ein pest og ei plage, men trøsta får vere at det kanskje har vore litt utvikling sidan den gong!? Innspelingane er alle gjort i bua i hagen "ved Storelvens bredd". Ja, bortsett frå gitaren på "Gul Hengekøye" som Carl Erik Hedløv sende meg over nettet og trompeten til Terje Johansen på "Kjærligheten sover". Både bokmål, nynorsk/dialekt, via engelsk til hopi-indiansk på ei og same plate er kanskje ikkje heilt vanlig, men det er tross alt innhaldet i tekstane som er viktig. Eit par av låtane gir kanskje litt irske assosiasjonar. Grunnen er at eg har jobba ei tid med eit musikkprosjekt om St. Sunniva, som etter sigande skulle ha kome frå Irland. Ein langvarig fasinasjon for Brasil lar seg vel heller ikkje skjule.

C. Borlaug sin versjon av Myllarguten sin "Fossegrimen", skreiv eg arr. på til by- , og bankjubileum i Hønefoss. Denne blei framført av spelemannen sjølv ståande på ein knaus midt i fossen. (Berga seg så vidt i land når fossen vart sleppt) Ein stadig aukande fasinasjon for Hans Børli sine tekstar treng heller ikkje å skjulast. Dei to låtane er ein forsmak på ei rein Børliplate som kjem neste år på Grappa med støtte og hjelp frå Børliselskapet.

Som du skjønar har dette blitt litt av kvart, derav navnet. Eg takkar for tilliten og håper du ikkje blir skuffa.

Tittel:Musikk/Tekst:
Gul HengekøyeSOB/SOB
JunikveldSOB/H. Børli
SensommerviseSOB/Maren Olerud
Nå danser OngbjørkaSOB/ Elling Solheim
EndeligSOB/SOB
FelaSOB/Elling Solheim
SunnivaSOB/SOB
Vest ved HybrideneSOB
Kjærligheten soverSOB/Arild Nyquist
Fossegrimen, Trad. tolka av C.B.arr.SOB
A Beachy AfternoonSOB/Bjørn Lindquist
Gammal IndianersangArr: SOB
FlogvitSOB/ Astrid E.Rygh
GudstjenesteSOB/H. Børli

TAKK TIL:

Takk til Hønefoss Sparebank, Ring Forsikring og Nils Håvard Tronrud for for moralsk og økonomisk støtte til CD-en. Takk til medmusikantane på plata. Takk for lån av tekster.

Kan bestillast frå meg for kr 150,- inkl. frakt. eller på iTunes.

Og desse platene kan du bestille frå meg

sveblind(alfakrøll)me.com :

"Junikveld" med tekster av Hans Børli, på Grappa R.

"Litt a`kvart" på eige selskap kalla "Solrosa"

"Horrace Hello"- Tribute til jazzpianisten Horrace Silver med broder Oddbjørn Blindheim Trio ( Håkon Mjåset Johansen på trommer og underteikna på bass).

Og så Cd-en "Sol og Regn" frå -93 med Arild Nyquist, med bl.a. Knut Reiersrud, Børge P. Øverleir, Alfred Janson.

I tillegg har eg LP-en Slemme Lars for den som måtte ynskje det.