header image 2  

 

MUSIKER, KOMPONIST OG FORFATTER

 

Litt av det eg har gjort:

Underteikna vart fødd på Vigra v. Ålesund den 25/7 1954.

  • Spelte i eit spelemannslag, storband, symfoniorkester, danseband og forskjellige jazzband i Volda.
  • Spelte også med Henning Sommerro i eit års tid og var med på spelemannsprisvinnaren "Litt tå Me" som fekk ærespris i -81.
  • Omkring -80 tallet skreiv eg musikk til to kortfilmar "Impuls" og "Strand" sendt på NRK-TV.
  • Har bodd i Hønefoss sidan -81 og har jobba med Arild Nyquist og Lars Martin Myhre siden -83
  • Gav ut dobbelt LPen "Kalde øl og heite jenter" i-85 med desse to, og familieplata "Slemme Lars" med A.N. i -87. CD'en "Sol og Regn" med A.N. kom i -93
  • Skreiv musikken og medverka som musiker og skodespelar i forestillinga "God dag Dikter Arild" på Oslo Nye i -91.
  • Mangeårig medlem i TONO ,NOPA og Norsk Musikerforbund.
  • Har kontrabass som hovudinstrument og har som jazzmusiker spelt med Egil Kapstad, Halvar Kausland, Eivin Sannes og turnert med Bjarne Nerem.
  • Som freelancer har jeg deltatt på en 5-6 plateinnspillinger m.a. "Noen ganger er'e all right" m. Odd Børretsen.
  • Ny plate med Arild N. Og Lars Martin Myhre 27. Mars -99. "I Sans og Samling" -Trio jazzplate, "Horace Hello", med Oddbjørn Blindheim og Håkon Mjåset Johansen i juni -99, med utg.pkt. i Horace Silvers' komposisjoner. Vi fekk fine omtalar for denne, samt eit hyggeleg brev frå komponisten .Mike Hennesy i fagbladet "Jazz Journal" kåra denne til ei av dei 10 beste jazzplaten i 2002
  • Skreiv vinteren 98/-99 eit stykke musikkteater som vart satt opp på Ringerike des. -99. (Trollmyra Depo9). Musikken finst også på plate. Sjå eigen internettside her:Trollmyra Depo9
  • Har skrive musikk til installasjonen "ROM" som vart stilt ut på Opplandsutstillinga sommaren år 2000.
  • Skreiv musikk til tekstar av Elling Solheim våren 2000. Dette prosjekte kom på CD på selskapet Lynor med Erik Bye og Per Vollestad under navnet "Ellings Menn" februar 2002.
  • Skreiv og satte opp jubileumsforestillinga for Hønefoss by, "I Fossegrimens rike", som samla nærare 5000 mennesker rundt fossen i Hønefoss.
  • Fekk Sang og Musikkrådet`s Kultrurpris på Ringerike våren 02. Skreiv i 2003 eit barneteater med navnet "Burhøns- en hønsefarse" . Denne vart satt opp i gamle fengselet som no er blitt kulturstiftelse i Hønefoss. Denne trekte 6, stort sett, fulle hus. Og den ble satt opp igjen i fornya versjon i juni -04. Sjekk denne heimesida: http://tuppeteateret.no/
  • Vinteren 03-04, musikk til ein videoinstallasjon som festivalkunstnar Inger Karthum laga til opninga av Vossajazz.
  • Deltok også på ein CD med reklameslagerer frå -20, og -30 talet med Per Vollestad. Dette medfører og ein god del trivelige speljobbar, no med instrumentparken utvida med sag. Ei spesiallaga " Sandviken Stradivarius" må vite.
  • Trio Sana- string swing trio med Bjørn Tore Roksvåg, fiolin, og Per Bjørnar Halås på gitar. Har fungert som altetende og humoristisk oppmuntringsband for slitne legar og sykepleiarar på Modum Bad i mange år.
  • Laga stykke/musikal om Ivar Aasen saman med Astri Eidseth Rygh(OL -eggets mor) . Dette vart satt opp i Volda i febr. -05 , så 2 dramatiserte konsertar under Dei Nynorske Festspela i juni 06 m. bl.a Simone Larsen og Side Brok. Samstundes vart plata med musikken sleppt og gjort tilgjengeleg gjennom Senter for Nynorsk i Opplæringa som undervisningsopplegg.
  • Vart tildelt Statens Kunstnarstipend(1 årig) våren -04
  • Oppretta "Gutta på Skauen", ei kulturell bistandsgruppe saman med Per Vollestad og Fredrik Øie Jensen. www.gps-kultur.no/
  • Er i gang med eit dramatisert musikkspel om St.Sunniva. (aug.06)
  • Gav ut CD-en "Til Skogs" i -07 med GPS,
  • Har skrive "Stafferunden" og "Strafferunden Jnr. " for Kulturstiftelsen Fengselet i Hønefoss. Dette er omvisningsteater for vaksne og born.
  • 16. nov. -08 blei CD-en "Litt a`kvart" slept, og samtidig også boka "Tannregulering med Tørkesnor" . Sjå eiga side. NY CD og BOK
  • Cd-en "Junikveld" på GRAPPA , med tekster av H.Børli sleppt på Børlitunet 7. juni-09. Åpningskonsert på Krokskogfestivalen i aug. 09 m. Trond Brænne, Frøydis Grorud og Ingvild Hasund.
  • Urpremiere I Ullerål Kirke 6/9 2011 på den musikalske fortellinga om båtflyktningen Sunniva (seinare Sta.Sunniva) som kom til Norge for over 1000 år sidan.
  • Cd- m Gutta på Skauen "Til Skogs" 2007
  • Cd- med Gutta På Skauen "Vinterlys" 2011
  • Cd-m. GPS "Illegale Sanger" slept 21. april 2012
  • Cd- m GPS «Bye-patrioter» høsten 2014
  • Cd- m GPS «Revykrigen-sensurert» Kom våren 2015
  • Cd-m GPS "Sanger fra Grini" 2016
  • Verdens første live Veteranbilhororkester opptredde på NRK-TV under Sommertoget 2017 sin sending frå Hønefoss - ide og gjennomføring v. underteikna

 

.