NY CD. 7. juni: ; "Junikveld"
Plata er oppattkalla etter Hans Børli sitt dikt med same navn. Dette pluss 9 andre dikt har eg satt tone til og spelt inn i heimestudioet mitt. Plata kjem/kom på Grappa 7. juni i samband med at eg skal åpne det årlige arrangementet "Junikveld " på Børli-tunet.
At "skogens dikter", Hans Børli skulle trigge meg slik det hadde eg ikkje trudd, fødd og oppvaksen som eg er i fjøresteinane på Sunnmøre. Det begynte med at eg leita etter passende tekster til den kulturelle bistandsgruppa "Gutta på Skauen" (http://www.gps-kultur.no/). Dermed var eg fanga og tanken om ei eiga "Børli"-plate tok snart form. At det gjekk lett skal eg ikkje seie, for det gjer det aldri, men der var ein nerve og kvalitet i tekstane som inspirerte, og etterkvart sto dei nærast i kø og forlangte musikk.
Med kombinasjonen av trangt budsjett og ein intuitiv måte å jobbe på, så vart det å bruke det av instrument ein hadde for hand, fløyter , percusjon, citter, kontrabass, handtromme og så videre - alt etter kva tekst og arrangement krevde.
Eg håper plata kan glede gamle Børli-fans, og kanskje rekrutere nokre nye. Og på gode dagar kan eg kanskje driste meg til å tru at musikken og kan glede nokon.
Her er coveromtalen som Sverre Eier, leiaren i Børli-Selskapet skreiv:
Hans Børlis lyrikk har over tid fristet mange komponister, med ulike resultat og gjennom ulike temperament.
Svein Olav Blindheim plukker her ut tekster med rim og rytme og gir dem et melodisk innhold som samsvarer utmerket med Børlis musikksmak, jazz og blues. Tidløs musikk til tidløs tekst.
”Å flytt deg nærmere inntil meg, her på kjøkkentrammen. Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen.”
Lytt til teksten – nyt musikken!
Sverre Eier, leder av Hans Børli-selskapet
1) Og graset det var vått
2 ) Vinternatt
3) Gudstjeneste
4) Barnet
5) Moderne Madonna
6) Eventyr
7) Vestenvinden
8) Vandresken
9) Hver liten ting
10) Junikveld
Ingvild Hasund: sang/ kor på 1, 6 , 9 og 10
Fredrik Øie Jensen sax på 4 og 10,
Jon Rosslund: Trommer på 4 og 6
Alle instrument og vokal ellers ved Svein Olav Blindheim.
Alle tekster: Hans Børli
Komposisjon: SOB
Spelt inn i bua til SOB i -08 og -09.
Stor takk til Tormod Aune for mixehjelp.
Takk også til Ringerike Sparebank for sponsing av plata, og til Nopa for støtte til låtskriving.
FFUK har og støtta utgivelsen.
Coverdesign Karl Magnus Blindheim
Tegning Halvor Blindheim
|