header image 2  

 

MUSIKER, KOMPONIST OG FORFATTER


 
 

Nyhende, og litt halvgammalt::

-På nyåret 2018 kunne eg sjå tilbake på ei åpningsforestilling i Hønefoss si nye kirke. Den kvelden den gamle brann ned til grunnen i 2011, så sat eg og jobba med eit musikkspel om Sta.Sunniva som kom til Norge frå Irland som båtflyktning for litt over 1000 år sidan. Det var liksom "ment to be" at denne historia måtte bli åpningsforestilling. På førehand hadde eg sagt at eg skulle vurdere å melde meg inn att dersom det blei full kirke. Eg står fortsatt utanfor. Halvfullt blei det, men denvi fekk flott kritikk .

Eit anna morsomt stunt i fjor var verdens første ekte veteranbilhornorkester

Eg har samla på veteranbilhorn, altså lyden, og det førte til stor live-konsert på Norsk Samferdselshistorisk Senter den dagen Sommertoget 2017 kom til Hønefoss. På utvalgde bilar/horn spelte "Hønefossbærtene" frå HUK "Tut tut sier onkels bil", "Den beste bilen i væla" og sjølvsagt "Blåveispiken".

Før jul kom denne videoen frå Kork: Hønefossbærter

Bassen er fortsatt hovudinstrumentet, men eg må passe meg for intensiv øving. Det nye er eit kromatisk munnspel, og eg har blitt heilt hekta. Det står ei lita historie om det i den nye boka mi. Sjå under. Ellers har "Gutta på Skauen" blitt meir og meir viktig, og meir og meir aktiv..

Ein ny og morsom konstellasjon i meir øyrevennleg jazzretning er "Kule Karer" med Ingvild Hasund, Håvard Jacobsen, Remi Fagereng og underteikna. Vi blir å høyre på Eger & Co i Hønefoss 24. mars

Og så er Oddbjørn Blindheim Trio i gang igjen , no som "Trio Tonk".

Bok 2017: "Gledens druer", kan også bestillast frå meg.

Bok 2015: "Godt og gale", korte humoristiske tekster med illustrasjoner av Halvor Blindheim, kan bestillast frå meg for kr 200,- + porto: sveblind(alfakrøll)me.com

Bok 2014: "Ribbestrikka svinepels til jul"

Sjå omtale i Ring Blad: http://www.ringblad.no/liv/article7019966.eceBok 2008: "Tannregulering med tørkesnor"


Som "heiltids" musikk-, og kulturarbeider har eg valt å jobbe breitt. Utfordringa ligg i å kommunisere uansett situasjon og nivå. Når det er sagt , så har eg stor glede av ei lita stilling som miljøterapeut i Jevnaker Kommune. Brukergruppa er folk med ekstra utfordringer av forskjellig slag. Her blir det filmproduksjon, video, og forestillinger med musikk og teater- innslag.

 

Svein Olav Blindheim , telf: 915 77 342
Christiesgt. 15,
3513 HØNEFOSS
Mail: sveblind(alfakrøll)me.com

     
 
Og desse platene kan du bestille frå meg sveblind(alfakrøll)me.com :



"Junikveld" med tekster av Hans Børli, på Grappa R.

 
 

 

"Litt a`kvart" på eige selskap kalla "Solrosa"

"Horrace Hello"- Tribute til jazzpianisten Horrace Silver med broder Oddbjørn Blindheim Trio ( Håkon Mjåset Johansen på trommer og underteikna på bass)).

Og så Cd-en "Sol og Regn" frå -93 med Arild Nyquist, med bl.a. Knut Reiersrud, Børge P. Øverleir, Alfred Janson.

I tillegg har eg LP-en Slemme Lars for den som måtte ynskje det.